Dugnad i herleg haustvêr

Foto: Anders Vie.

Helga 2. til 4.oktober var det dugnad på Longevasshytta.

Det vart ei fin og triveleg helg på Longevasshytta. I nydeleg haustvêr  og fin temperatur  var det til saman sju personar som var innom og tok eit tak der det trengdest.

Som vanleg vart hytta vaska og rydda, snurredoen vart tømd, og eit par mindre skader etter ein snøtung vinter er no ordna.

Det ser også ut som fjorårets reparasjon av vestveggen var vellukka, vi kunne ikkje sjå at det har vore nokon lekkasje etterpå.

Hytta framstår no som rein og ryddig, og klar til å ta imot mykje turfolk utover hausten og vinteren. Det blir lagt opp til ein tur seinare i haust, der hytta blir klargjort for vinteren.

Eg kan ikkje vise til bilete denne gongen, då det vart litt surr i sakene før avgang på Legestølen, telefonen/kamera vart liggande igjen i bilen.

Men Anders Vie har teke nokre bilete på turen.

Takk til alle som var med, for god innsats og triveleg samver.

Helsing Kjell Kleiven.

Foto: Anders Vie.
Foto: Anders Vie.