Dugnad, likevel plass på hytta

Frå dugnaden i 2019, då det vart utført litt reparasjonsarbeid på vestveggen.
Frå dugnaden i 2019, då det vart utført litt reparasjonsarbeid på vestveggen. Foto: Kjell Kleiven.

Komande helg, 2. til 4. oktober, blir det dugnad på Longevasshytta.

Det betyr at ein del av sengene blir opptekne av dugnadsfolket, men det er likevel plass til folk som vil ta turen, seier IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke.

Slik var det i fjor, då dugnadsfolket hadde matøkt.
Slik var det i fjor, då dugnadsfolket hadde matøkt. Foto: Kjell Kleiven.
Vask av hytta og innbuet er ei av oppgåvene på dugnaden.
Vask av hytta og innbuet er ei av oppgåvene på dugnaden. Foto: Kjell Kleiven.