Gyttatur avslutta seniorsesongen

Foto: Magni Kvile.

Tysdag 29. september gjekk seniorane i IST årets siste tur.

Turen gjekk til dagsturhytta Gytta i Førde i ikkje altfor fint vêr. Men det var likevel åtte som tok turen. Sidan det var siste seniorturen i 2020 vart det markert med flaggheising, bålbrenning og pølsegrilling.

Vi håpar å møtast igjen til fleire hyggelege turar i 2021.


Magni Kvile.

Foto: Magni Kvile.