Våt, men lærerik tur til Haukedalen

Naturen i Haukedalen imponerte, trass i grått vêr.
Naturen i Haukedalen imponerte, trass i grått vêr. Foto: Kjell Arne Hjellbekke.

Tysdag 15. september gjekk seniorturen til Haukedalen. Vått, men interessant.

Vêret spelte ikkje på lag, men det vart likevel ein innhaldsrik og interessant tur. Vi hadde guidar som Håkon Råheim og Jon Frøysland, som kunne fortelje mykje frå Haukedalen. Og mens vi køyrde veteranbuss frå Førde til Haukedalen, spelte vi "Haukedalsongen" med solist Sissel Gjerland Ekra.
Det var i alt 16 deltakarar, og vi var fleire inkl. turleiar Odd Skrede som var imponert over naturen og dalen. Matpausen hadde vi framme med Stølsvatnet. Stødig sjåfør var Ove Digernes. Vellukka tur, trass vêret.

Kjell Arne Hjellbrekke.

Matpause inne i eit naust ved Stølvatnet.
Matpause inne i eit naust ved Stølvatnet. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Ut på tur, aldri sur....
Ut på tur, aldri sur.... Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.