Til Fuglesteg i finvêr

Foto: Edith Falkenstein.

Seniorgruppa hadde full klaff då turen sist tysdag gjekk til Luster og Fuglesteg.

Det var 14 som tok turen, og det var det nok ingen av dei som angra på.  For vêret var perfekt, og den nedlagde høgdegarden på vel 600 moh viste seg frå si beste side. Husa på garden er mur opp av stein, og er no godt tekne vare på av Luster Turlag, som eig garden.

Tysdag 8. september går seniorgruppa til dagsturhytta Skaraly i tidlegare Gaular kommune, med Sirid Gjelsvik som turleiar. Den 15. september går turen til Haukedalen.

Foto: Edith Falkenstein.
Foto: Edith Falkenstein.