Referat frå styremøte

Foto: Kjell Arvid Stølen

Tysdag 25.august var det styremøte i IST. Her er det som vart drøfta.

REFERAT

Frå styremøte i Indre Sunnfjord Turlag tysdag 25. august 2020 på Førdehuset.

Til stades: Kjell Arne Hjellbrekke, Anita Rennestraum, Berit Berger-Nilsen, Jorunn Vågen, Roger Hopland, Steffen Ben Jonstad, Lina Hågøy Tonheim og Kjell Arvid Stølen (referent).


Sak 12/20: Kanoar: Den eine av dei to kanoane ved Bekkjevatnet er skadd, den eine av to kanoar i Lauvvatnet i Viksdalen er vekk, truleg teken av elva. Kjell Arne undersøker med Døskeland Bruk om dei kan reparere den skadde kanoen og evt. kjøpe ein ny som skal plasserast ved Lauvvatnet. Kjell Arvid Stølen får i oppdrag å korrigere teksten om kanoar på nettsida når all informasjon er henta inn.

Sak 13/20: Opptur: Arrangementa som skulle ha vore i mai vart avlyste. No vurderer DNT nye arrangement i september. Det vart semje om å avvente situasjonen. Koronarestriksjonane set grense på 200 deltakarar, og det kan bli meir enn det i Førde.

Sak 14/20: Kom deg ut-dagen 6.9: Det er oppsett BT-arrangement i Askvoll (Atløy), Naustdal (Steinkorsen) og Gaular (Hestad). I Førde er det planar om eit arrangement på dagsturhytta Gytta, med danseoppvising.

Sak 15/20: Fellessamling i SFT 17.-18. oktober: Kjell Arne Hjellbrekke, Anita Rennestraum og Lina Hågøy Tonheim stiller for IST.

Sak 16/20: Tilbod om overtaking av stølshus på Gjelsvikstølen: Styret er skeptisk til dette og ser seg i utgangspunktet ikkje tent med ei hytte så nær Nipebu, men sender saka vidare til hyttestyret for vurdering.

Sak 17/20: Økonomi/budsjett: Det er store avvik frå budsjettet pga koronasituasjonen, det gjeld både på inntekter og utgifter. Styret er samd i at det skal brukast ein del pengar på 50-årsjubileet i 2021 (hefte, kalender og arrangement) og tek elles rekneskapen til etterretnng.

Sak 18/20: Sunnfjordhallen: Sandvolleybana i Sunnfjordhallen blir lagd ned, Sunnfjord Folkehøgskule trekkjer seg ut, og Bergen Klatresenter overtek og vil gjere hallen om til ein rein klatrehall. IST har tidlegare ytt 100.000 kroner til klatrevegg i hallen. Kjell Arne skal ta kontakt med Bergen Klatresenter for evt. å kunne få til ein avtale om rabatt for IST-medlemmer i klatrehallen.

Sak 19/20: Turprogram 2021: Turprogrammet for neste år må vere klart seinast 15. oktober for å kome med i jubileumskalenderen. Styremedlemmene må sende inn framlegg til turar innan 15. september slik at det endelege programmet kan vedtakast på neste styremøte.

Sak 20/20: Årsmøte 2020: Styret vedtok at årsmøtet skal haldast torsdag 26. november. Kjell Arne tek kontakt med Førde Camping og gjestehus.

Infosaker:

- Korona-smittevern: Kjell Arne opplyste at vi no har vore gjennom fire ulike tiltak som gjeld turar og fem som gjeld hytter.

- Oppturboka: Eigarane av Fossen har no sendt inn forliksklage mot Selja Forlag pga turomtalen i Opptur Sunnfjord.

- Parkering Sele: Det blir arbeidd med kommunal parkeringsplass ved Sele i Bygstad, der det har vore problem med å parkere for turgåarar. Samstundes er det planar om å legge sti frå parkeringsplassen ved Stølshaugane ut mot Sele.

- Dugnad: Det er dugnad på Nipebu 28.-30. august, det er også planlagt dugnad på Longevasshytta. Når det gjeld stiutbetring er det bestilt materiale til stiane til Nordheia og Fauskevarden, her har IST fått midlar til arbeidet. Vidare skal stien i Breisvora gjerast ferdig. Det skal undersøkast om vi kan gjere noko med eit par kritiske punkt på stien frå Fløyen til Rivedal.

- Bruk av Office 365: Kjell Arne ber styremedlemmene om å halde seg orientert ved å gå inn på felleseposten til IST og andre DNT-sider som dei har tilgang til.