IST for første gong på Kongevegen

Vindhellavegen, eit imponerande byggverk.
Vindhellavegen, eit imponerande byggverk. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.

I år hadde IST for første gong tur på delar av Kongevegen som går over Filefjell og ned Lærdalsdalen på programmet.

20 deltakarar var med og fekk oppleve delar av norsk veghistorie og litt krigshistorie. Turen gjekk over to dagar.

Laurdag føremiddag starta vi ved Koren. Der møtte guiden vår, Odd Helge Brugrand, oss. Han er dagleg leiar for Kongevegen og har veldig godt kjennskap til området og historia.

Første dagen gjekk vi  over Seltunåsen og til husmannsplassen Galdane, der vi åt nista vår. Der  fekk vi og gå inn og sjå i dei gamle bygningane.

Forfedrane til Brugrand kom  frå denne plassen, så vi fekk mange gode historier frå livet på Galdane og historia til folket som budde der, før vi gjekk nedatt og følgde Lærdalselvi vidare nedover før vi svinga tilbake til Koren.

Etter turen på laurdag køyrde vi ned til Lærdal og tok inn på ærverdige Lindstrøm hotell. Ein del av turdeltakarane gjekk seg ein tur i  den koselege gamle  trehusbebyggelsen på Lærdalsøyri, medan andre nytta tida før middagsservering kl 20 til ein tur til dagsturhytta i Lærdal.

Søndag starta turen frå Borgund stavkyrkje. Derifrå gjekk vi ned svingen i Vindhellavegen, eit imponerande byggverk med mykje veghistorie.

Tilbake til stavkyrkja gjekk vi Sverrestigen, ein ferdsleveg som historia vil ha det til at Kong Sverre og hans menn brukte.

Det var ein lettegått tur begge dagar i fint vêr, medan det regna godt heime i Sunnfjord. At vi hadde med ein lokal guide som fortalde om  historia

til vegen, og om ferdsel og liv i og rundt Lærdal, og i tillegg svarde på spørsmål frå eit historieinteressert turfølgje, gjorde turen svært vellukka.

Vi håpar å kunne ha turen på turpogrammet neste år og.

Turrapport

Kjell Arne Hjellbrekke.

Odd Helge Brugrand orienterer før turstart ved Borgund stavkyrkje søndag.
Odd Helge Brugrand orienterer før turstart ved Borgund stavkyrkje søndag. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Matpause på husmannsplassen Galdane.
Matpause på husmannsplassen Galdane. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
På veg over Seltunåsen.
På veg over Seltunåsen. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Odd Helge Brugrand inne i eitt av husa på Galdane.
Odd Helge Brugrand inne i eitt av husa på Galdane. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.