Seniorturane kjem i gang att

Frå ein av turane i fjor, til Svistølen i Naustdal.
Frå ein av turane i fjor, til Svistølen i Naustdal.

Tysdag 25.august kan seniorane i IST omsider ta til med turane sine.

- Koronarestriksjonane sette ein stoppar for vårprogrammet, men no set vi i gang, seier Odd Skrede i seniorutvalet. Eg har fått nokre telefonar frå folk som gjerne vil på tur, og no ser det ut til at vi kan gjere det utan å bryte reglar. Vi får prøve å halde avstand og fylgje råda for korleis vi skal unngå smitte.

Første turen går til Helgheimsdalen i Jølster. Det er oppmøte på Esso i Førde klokka 10. Sjølve turen går på traktorveg og tek om lag tre timar. Turleiar Odd Skrede 95929864.

Tysdag 1. september blir det langtur til Sogn, nærare bestemt til Fuglesteg i Luster kommune. Turleiarar Edith Falkenstein og Sigrid Gjlsvik, tlf. 41267440. 

Her er resten av turprogrammet for 2020:

Sept 05. Bretur-Haugabreen. Leik i blåisen ca. 5 t. Fellestur med IST

Turleiarar: Irene Befring og Asle Veien tlf. 94347131 – 97055203 – Påmelding.

Sept 08. Skaraly – Gaular. Litt stigning ca. 3 t. Turleiar Sigrid Gjelsvik 91701820

Sept 15. Rørvikfjellet/Haukedalen. (Veteranbuss) 5 t. Turleiar Odd Skrede 95929864

Sept. 22. Botnavatnet – Angedalen. Lett tur ca. 4 t. Turleiar Magni Kvile 91313703

Sept. 29. Dagsturhytta Gytta. Middels tur ca. 3 t. Turleiar Odd Skrede 95929864 Siste tur for sesongen med grilling av pølser.

Seniortur til dagsturhytta Vidsyn i Fjaler i 2019.
Seniortur til dagsturhytta Vidsyn i Fjaler i 2019. Foto: Odd Skrede.