Onsdagstur til Smådalsnipa

Utsyn frå toppen vestover Førdefjorden med Blegja i bakgrunnen.
Utsyn frå toppen vestover Førdefjorden med Blegja i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Den 19. august går onsdagsturen til Smådalsnipa i tidlegare Naustdal kommune.

Dei som vil vere med, møter på Esso i Førde kl 17.30, eller på Kleppstølen ca. klokka 18. Hugs ein liten slant bompengar på vegen gjennom Hesjedalen. 

Smådalsnipa er 930 moh., og det er ca. 500 høgdemeter å gå frå Kleppstølen. Eg reknar med ein og ein halv til to timar opp.

Helsing turleiar Sigrid Gjelsvik.

Foto: Kjell Arvid Stølen.