Varm opptur, men flott dag på Grovanipa

Utsikt innover Kjøsnesfjorden mot Lunde og Søgnesand.
Utsikt innover Kjøsnesfjorden mot Lunde og Søgnesand. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.

Søndag 16. august var det ein sprek  gjeng på 10 som la ut på tur frå Sægrov i Jølster og opp mot Grovanipa.

Grovanipa er eit fjell kunstnaren Nikolai Astrup har med i mange motiv, og det har i nyare tid blitt eit mykje fotografert fjell av folk som køyrer over Kjøsnesfjordbrua. 

Ei fjellside på nesten 1000 høgdemeter, med ein sti som snor seg fint opp i det bratte terrenget, venta oss. Sola steika godt, og alle var samde i at det var lurt å starte tidleg denne dagen. Skuggen trea laga i motabakkane gjorde godt! Opp mot Sægrovstøylen er stien blitt rydda fint til av grunneigarane, som har laga gode utsiktspunkt til både Kjøsnesfjorden og fossefallet til Sægrova. Vi tok ein rast på støylen, før vi gradvis kom opp og over skoggrensa og fekk betre og betre utsikt utover både Jølstravatnet og Grovabreen. 

På toppen viste Grovanipa seg frå si beste side, med vid utsikt mot toppar og brelandskap i alle retningar. 

Vi brukte god tid til å raste i varmen og nyte utsikta før vi gikk rundturen over Langeheia og ned dalføret attende til Sægrovstøylen. Dette er ein fin runde der vi kom tettare på Grovabreen, og kunne gå i lett og fint terreng ned att. 

Turleiar Anne Cecilie Kapstad. 

Lurt å starte tidleg, før sola stod opp.
Lurt å starte tidleg, før sola stod opp. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Ein turdeltakar valde å avkjøle seg.
Ein turdeltakar valde å avkjøle seg. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Turleiar Anne Cecilie Kapstad peikar og fortel.
Turleiar Anne Cecilie Kapstad peikar og fortel. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Utsyn mot Grovabreen.
Utsyn mot Grovabreen. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.