Rette dagen for Lunde-Fjærland

Foto: Kjell Kleiven.

Turleiar Kjell Kleiven fekk med seg 13 personar på turen over breen frå Lunde til Fjærland laurdag. Dei fekk eit minne for livet.

- Det var verkeleg rette dagen for å gå denne tradisjonsrike turen, seier Kleiven. Turen gjekk opp Lundeskaret, vidare over Marabreen og ned att til Bøyadalen i Fjærland.

- Med sol frå skyfri himmel og nesten heilt vindstille, tok vi oss god tid og brukte dagen ute i den fantastiske naturen, som vi er så heldige åha utanfor stovedøra, seier ein nøgd Kjell Kleiven.

Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Tung startetappe opp det bratte Lundeskaret.
Tung startetappe opp det bratte Lundeskaret. Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Viktig med solkrem på ein slik tur.
Viktig med solkrem på ein slik tur. Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Klare for turen ned til Bøyadalen, siste etappe.
Klare for turen ned til Bøyadalen, siste etappe. Foto: Kjell Kleiven.