Våt tur til Blåfjellet - Kabusen neste

Til topps på Blåfjellet.
Til topps på Blåfjellet. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.

Då er vi i gang att med onsdagsturar etter ferien. Første turen gjekk frå Øvrebø i Naustdal til Blåfjellet  med fem turdeltakarar.

Vêret var ikkje det beste, men det var fin temperatur, med litt regnbyer og skodde som gjorde at utsynet ikke var det det kan vere på ein klarvêrsdag frå Blåfjellet.

Neste onsdag går turen til Kabusen i Haukedalen. Det er og eitt av TiTur-måla i år. Sidan det alt er begynt å mørkne litt tidlegare er oppmøtet på Esso i Førde for resten av turane i august kl 17.30. Turen til Kabusen startar ca. kl 18 frå Frøysland i Haukedalen. Ver merksam på at dette er ein bratt tur, og at det ikkje er vatn å finne undervegs, så ta med drikke.

Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.