Klart for onsdagsturar igjen

Blåfjellet.
Blåfjellet.

Den 5. august er det klart for den første onsdagsturen etter sommarpausen.

Målet er Blåfjellet i tidlegare Naustdal kommune, via Frammarsvikstølen. Turleiar Kjell Arne Hjellbrekke seier at vêrutsiktene ikkje er dei beste, men at han inntil vidare reknar med at turen går. No gjeld ikkje lenger avgrensinga på maks 20 deltakarar pr turleiar. Men framleis er det beste at folk køyrer sjølve til der turen startar, for å unngå eventuell smitte under køyringa. 

For spørsmål om turen, ring 95827976.