Flott turalternativ i Jølster

Foto: Knut B. Skurtveit.

Er du ute etter fager utsikt og fine motiv å fotografere er turen langs Jølstraegga absolutt noko vi kan tilrå.

Frå toppane Høgenipa 1307 moh og Kleivafjellet 1057 moh er det eit utsyn ned mot Jølstravatnet som kan ta pusten frå ein. 

- Rundturen her er no godt merka, og dette er ein fantastisk fottur. Det bør vere ein nærast obligatorisk del av turprogrammet til Indre Sunnfjord Turlag, seier kjentmann Knut B. Skurtveit.

- Vi har fått på plass bru eit stykke innafor Instebotsvatnet. Turen kan starte ved dammen i Fossheimsdalen, og derifrå går du på nydeleg sti via Fossheimstølen og Instebotsvatnet og nymerka sti til Høgenipa på 1307 meters høgde, deretter merka sti til Skafonnfjellet 1162 moh.

Frå Skafonnfjellet kan du velje merka sti via Løkabotsegga tilbake til dammen, eller fortsette Jølstraegga frå Skafonnfjellet til Kleivafjellet 1057 moh og vidare til Vikastølen og Skei. Då kan det vere greitt å ha sett att ein bil der for køyring tilbake til dammen.


Med sommarhelsing 

Knut B. Skurtveit