Flott tur til Oldeskaret

Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.

Etter mange avlyste turar i år, vart turen til Oldeskaret og vidare opp på Blåfjellet  gjennomført i strålande vêr fredag 24/7, med 20 spreke turdeltakarar frå alle kantar av landet.

Mange av dei var orienteringsløparar som er i området for å delta på orienteringsstemnene Fjord 2020. Med eit perfekt turvêr vart turen ei fin oppleving for alle. Det er uvanleg mykje snø og is i området i år, og isen ligg framleis tjukk på Storevatnet på 1049 moh. Det er eit vatn vi på denne turen har bada i på denne tida av året. Så det var ein del gåing i snø.

Opp på Blåfjellet er utsikta på ein  slik klar og vindstille dag upåklageleg, sjølv om fjellet ikke er meir enn 1316 moh. Her er ei flott utsikt ned til Oldenvatnet og innover breen og meir til.

Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.