Må avlyse pga mykje snø

Svartepøyla i juli 2019. Slik ser det ikkje ut i år.
Svartepøyla i juli 2019. Slik ser det ikkje ut i år.

Turen til Svartepøyla blir avlyst. Årsaka er at det er alt for mykje snø i området.

Turen skulle ha gått laurdag 25. juli, men turleiar Ola Kringlen har avgjort at det ikkje blir noko av turen i år. 

- Eg har snakka med saueeigarar som var der no i helga, og rapportane tilseier at det ikkje er tilrådeleg med tur. Det ligg snø på to tredeler av turen, til dels mykje snø, og det har ikkje minka særleg mykje dei siste to vekene. I tillegg er det framleis is på alle tre vatna i Svartepøyla.