Feil på Sjekk-Ut-appen

Naregga er eitt av TiTur-måla.
Naregga er eitt av TiTur-måla. Foto: Kjell Arvid Stølen.

På grunn av ein teknisk svikt har DNT mista alle innsjekkingane som er gjort med appen SjekkUT mellom 4. juni og 8. juli. 

For å dokumentere t.d. titurar i dette tidsrommet, og ettersom SjekkUT-appen til tider er litt humørsjuk, bør dei som har gått titurar laste ned titur-kortet frå nettsida til IST eller hente det hos Friluftsbua, Naustdalsvegen 5, og registrere alle turane på det. 

https://indresunnfjord.dnt.no/artikler/nyheter/20681-titur-sunnfjord-2020-er-klar/

Etter 1. august kan dei som har fullført minst ti turar levere turkorta på turlagskontoret ved Langebrua. Dei som er fødde i 2004 eller seinare får då deltakarpremie. For dei som er fødde i 2014 eller seinare held det med fem turar.

DNT har greidd å gjenopprette registreringane som er gjort før juni. DNT seier seg svært lei for problema som har oppstått med SjekkUt-appen.