Hyttene til IST stengde til 1. juli

Styret i Indre Sunnfjord Turlag har avgjort at hyttene til laget ikkje skal opnast enno.
Både Nipebu, Massbu og Longevasshytta blir framleis stengde på grunn av koronapandemien, i første omgang fram til 1. juli.
- Ei av årsakene er at alle besøk må tingast på førehand, seier IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke. Vi har starta arbeidet med å kome i gang med eit bookingsystem. Så snart vi har det på plass og fått klargjort hyttene, vil vi opne dei for bruk. Retningslinjene frå styresmaktene er i stadig endring, så vi håpar å få opne hyttene så snart råd er.
Generelle retningsliner og rutiner for booking og bruk av DNTs hytter kan du sjå her
