TiTur Sunnfjord 2020 er klar

Skaraly, dagsturhytta i tidlegare Gaular kommune, er eitt av måla i TiTur Sunnfjord 2020.
Skaraly, dagsturhytta i tidlegare Gaular kommune, er eitt av måla i TiTur Sunnfjord 2020. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Då er det klart for årets TiTur Sunnfjord. 

Vi har utvida opplegget frå i fjor til 16 turmål, fire i kvar av dei tidlegare kommunane i det som no er samla i Sunnfjord kommune. Av desse kan ein velje ut minst ti turmål. Turane varierar frå dei heilt lette til ganske lange og krevjande. Dette er merka med farge på turkortet. Det er deltakarpremie til alle som er fødd 2004 eller seinare. Dei under sju år får godkjent med fem turar. 

Som i fjor er det heller ikkje i år lagt ut bøker på turmåla. Dei som har smarttelefon lastar ned appen SjekkUT frå DNT, loggar seg på og signerer "gjesteboka" der, med eller utan selfie, i tillegg til sitt personlege turkort. Dei som ikkje kan eller vil bruke telefon og app, må fylle ut og levere turkortet.

Turkortet kan lastast ned frå heimesida og skrivast ut, eller hentast i butikken Friluftsbua, Naustdalsvegen 5 i Førde. Utfylte kort kan leverast på turlagskontoret ved Langebrua etter 1. august. Så det er ingen hast med å bli ferdige. Det vil framleis vere mykje snø på ein del turmål i starten, så bruk heile sesongen fram til og med haustferien 11. oktober.

Korona-pandemien gjer at vi også i friluftlivet må ha nokre retningsliner:

Med tanke på nettopp dette, sjå dei generelle råda som er gitt av Helsedirektoratet og Sunnfjord kommune.

  • Turmåla skal loggførast på eige kort og/eller i appen SjekkUT fra DNT.
  • Gå i grupper på max fem om ikkje alle er frå same husstand.
  • Hald avstand, minst to meter, mellom ulike grupper.
  • Ha med eige utstyr. Ikkje del utstyr, mat og drikke med andre.
  • Host og nys i olbogen.
  • Ver nøye med hygiene og ha desinfeksjonsmiddel tilgjengeleg.
  • Unngå bildeling og bruk av offentleg transport om du kan.
  • Bruk heile sesongen, også dagar som er overskya, så vi unngår opphopingar på populære stader.
  • Her kan du laste ned turkortet med alle turpostane


Med vennleg helsing
for TiTur-utvalet

Jan Roar Sekkelsten

Dagsturhytta i tidlegare Naustdal kommune, Steinkorshytta, eitt av måla.
Dagsturhytta i tidlegare Naustdal kommune, Steinkorshytta, eitt av måla.