Alle turar avlyste fram til 1. juni

Sjufjellsturen i Naustdal er mellom turane som må avlysast.
Sjufjellsturen i Naustdal er mellom turane som må avlysast. Foto: Jan N. Erdal.

Styret i Indre Sunnfjord Turlag har avgjort at alle planlagde turar fram til 1. juni blir avlyste.

Dette er eit førebels vedtak, det kan bli aktuelt å avlyse turar også etter denne datoen. Alle turane til seniorgruppa før ferien er også  avlyste, første turen etter ferien er den 25. august.

Hyttene til IST er stengde for både dagsbesøk og overnatting fram til 1. juli. Det er sjølvsagt unnatak i tilfelle nokon er i naud. Om nokon må ta seg inn i hyttene av slik grunn, må dette snarast meldast frå om til turlaget på tlf 95827976. 

- Bergen og Hordaland Turlag har også valt å halde dei fleste hyttene sine stengde fram til 1. juli. Vi vil følgje med på kva dei gjer med tanke på å opne hyttene. Ein del turlag i Vestland har vil sette i gang med nokre turar og opne nokre hytter for overnatting ved bestilling, i tråd med smittevernreglane til DNT, seier IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke.

TiTur-opplegget vårt er klart for start tidleg i mai, og blir snart marknadsført på denne nettsida og på facebook-sida vår.

- Vi vil tillate utlån av utstyr i samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag, men ein må rekne med visse smitteverntiltak, seier Hjellbrekke.

IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke.
IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke. Foto: Kjell Arvid Stølen.