Nyt naturen på eiga hand!

Mange på veg opp mot Fauskevarden sist onsdag.
Mange på veg opp mot Fauskevarden sist onsdag. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.

Om turlaget ikke har høve til å arrangere fellesturer for tida, er det mange som nyttar den fine vårsola og dei lange, lyse kveldane til ein tur ut.

Det har nok sjeldan vore så mange som har valt å nytte seg av den flotte naturen og dei mange gode turalternativa vi har i vårt nærområde. På ein heilt vanleg onsdag var det truleg 100 turgåarar og kanskje endå fleire som tok turen til Fauskevarden vest i Sunnfjord kommune. Og dette er berre eitt av mange turmål. Det er sjølvsagt mange andre stader der folk kan gå lengre eller kortare fjellturar i området vårt.

At vi på ein godvêrsdag kan vere 500 og 600 som er på slike turar er nok ikkje å ta for mykje i. Det ligg an til å bli ein lang og flott vårtursesong for deg som enno ikkje har fått nok av snø og ski.

Det tar og til og bli berrt rundt om, og då sjølvsagt i låglandet og på kysten først. Der er det og mange som nyttar seg av alle dei godt tilrettelagte områda som finst.

Til sist eit lite råd om parkering: Ein del stader kan det utover dagen bli litt trangt om parkeringsplassane der turen startar. Så sjølv om det berre er eit par bilar når du kjem der tidleg på dagen, er viktig å utnytte plassen og parkere tett.

Når det gjeld dei planlagde fellesturane våre har vi i første omgang valt å avlyse Sjufjellsturen i Askvoll 1. mai. Men turleiar John Lien har lagt til rette for at folk kan gå turen på eiga hand. (Sjå meir info under aktivitetar https://indresunnfjord.dnt.no/aktiviteter/119593/881131/).

I komande veke kjem nye retningslinjer frå DNT. Mykje tyder på at det blir forbod mot å bruke felles utstyr som klatresele og bretau og felles matlaging. Det kan ikkje vere meir enn fem personar i ei gruppe medrekna turleiar, men det kan vere fleire slike grupper, opp til fire. Men som sagt, meir info kjem komande veke.

Mvh
Kjell Arne Hjellbrekke

leiar IST

Topptur til Fauskevarden med god avstand på toppen.
Topptur til Fauskevarden med god avstand på toppen. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke
På Russeneset i Førdefjorden er det lagt til rette for kortare og lettare turar, særleg for barnefamiliar.
På Russeneset i Førdefjorden er det lagt til rette for kortare og lettare turar, særleg for barnefamiliar. Foto: Kjell Arvid Stølen.