Sunnfjordnaturen er påskeopen

Blegja er for mange ein tradisjonsrik påsketur, kanskje i lengste laget i desse koronatider.
Blegja er for mange ein tradisjonsrik påsketur, kanskje i lengste laget i desse koronatider. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.

Eit virus frå Kina avgrensar påskeaktivitetane våre, som skiturar med pølsegrilling, appelsin og kvikklunsj, i solveggen på hytta.

Påsketradisjonen vår med skitur frå Årdal i Jølster via Longevasshytta til Nes i Naustedalen er mellom dei mange organiserte aktivitetane som måtte avlysast.

Når situasjonen i verda er som den er, og styresmaktene har måtte innføre strenge restriksjonar, kan det sjå ut som det einaste "positive" er at påskevêret heller ikkje ser ut til å innby til lange turar. Ein får heller tenke tilbake på fjorårets knallpåske med sol og gode temperaturar heile påskeveka.

For dei som vil ha skiturar i påska er det mange muligheiter i våre nærområde. Vi er oppmoda om å spreie utfarten mest mogeleg.

Eg kunne nemnt fleire flotte turalternativ i vårt område, men det er fort gjort å ikkje få med seg alle stadar der ein kan gå i oppkøyrde løyper eller ein god gammeldags skitur i ikkje alt for bratt terreng. Nærmiljøturane kjenner de best sjølve, kva som høver best i forhold til form, vêr og føre osv.

For ein del år tilbake var det populært med utfart i påska til for eksempel Ramsdalsheia i Naustdal, Masdalen og Klungeren i Førde. Dvergsdalsdalen i Jølster, og Nordalen i Fjaler. Her er det sikkert god plass og liten trengsel.

Hugs at du er pålagt eit ekstra stort ansvar i år, om ikkje å påføre deg eller andre skader som belastar helsevesenet ekstra. Du må ikkje sette rett ned alle bakkar, det går godt an å ta unnakøyringane på ein sikker måtte, lange rolege svingar og like mange pausar ned som opp.

God påske, helsing Indre Sunnfjord Turlag v/leiar.

I Gjesdalsdalen i Jølster er det oppkøyrde løyper og god plass.
I Gjesdalsdalen i Jølster er det oppkøyrde løyper og god plass. Foto: Kjell Arvid Stølen.