Har du fine turfoto?

Frå sjufjellsturen i Førde 2019. Turfølgjet er på veg mot Flotevatna, med Halbrendsnipa like utanfor venstre biletkant som neste mål.
Frå sjufjellsturen i Førde 2019. Turfølgjet er på veg mot Flotevatna, med Halbrendsnipa like utanfor venstre biletkant som neste mål. Foto: Kjell Kleiven.

Det finst sikkert enormt mange fine turfoto  på ulike pc-ar rundt om i Sunnfjord. No er vi ute etter 12 fine foto til jubileumskalenderen vår.

Indre Sunnfjord Turlag er 50 år i 2021, og i det høvet har vi tenkt å gi ut ein jubileumskalender. Til den treng vi eitt fint bilete til kvar månad, helst med motiv frå den aktuelle månaden. Gode bilete som viser turaktiviteten til IST er førstevalet, men det  gjer seg også med reine naturfoto.

Send eitt eller fleire av dei beste bileta dine til kjell.arvid.stolen@outlook.com. Kanskje blir akkurat ditt bilete med på kalenderen.

Eit døme på naturfoto som kan gjere seg i ein kalender. Dette biletet er teke frå Høgenipa mot Kjøsnesfjorden og Søgnesand.
Eit døme på naturfoto som kan gjere seg i ein kalender. Dette biletet er teke frå Høgenipa mot Kjøsnesfjorden og Søgnesand. Foto: Anne Cecilie Kapstad.