Ut på tur i koronatider

Flott turoppleving i Gjesdalsdalen.
Flott turoppleving i Gjesdalsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Organiserte turar i IST-regi er avlyste, i første omgang fram til 1. mai. Men det er framleis lov og sunt å ta seg ein tur.

Då er det lurt å gå der det ikkje kryr av folk. No er vi velsigna med mykje natur per person her i Sunnfjord, så det er nok å ta av utan at vi treng gå i stim. Eit alternativ til dei meir folkerike løypene på Langeland er Gjesdalsdalen, der Jølster Løypelag kvar dag syter for velpreparerte løyper. Du kan velje mellom å starte på den nedre parkeringsplassen til Jølster Skisenter, eller køyre opp til Holtane (bomveg 40 kroner), og ta runden innom Bakkestøylen og Storehogen.

Når vêret er slik det var laurdag, skulle ein tru at mange tok turen inn i dette naturparadiset, men det var ikkje mange vi trefte på vår tur. Nemnande smittefare var det iallfall ikkje. Takk for turen, Jølster Løypelag! Har vippsa pengar.

Velpreparerte løyper.
Velpreparerte løyper. Foto: Kjell Arvid Stølen.
Utsikt frå Bakkestøylen mot Storehogen.
Utsikt frå Bakkestøylen mot Storehogen. Foto: Kjell Arvid Stølen.