Avlyser turar fram til 1. mai

Longevasshytta no i mars 2020. Hyttene våre er berre tilgjengelege om du er i naud.
Longevasshytta no i mars 2020. Hyttene våre er berre tilgjengelege om du er i naud. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.

Indre Sunnfjord Turlag avlyser alle turar og aktivitetar fram til 1. mai.

Indre Sunnfjord Turlag vil bidra i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte. Difor har vi bestemt oss for å avlyse alle turar og arrangement fram til 1. mai. Alle som har meldt seg på turar der dei og har betalt, vil få refundert påmeldingsavgifta.

Hyttene er berre tilgjengelege ved naud

Hyttene er opne for å sikre ly til dei som er i vinterfjellet, men vi rår frå hyttebesøk og lengre turar i perioden framover. Som det framgår av biletet som var teke 16. mars av Longevasshytta, er hytta så godt nedsnøa at det av den grunn er uråd å ta seg inn i hytta. Naudbua/vedhuset er og nedsnøa, men der er det nok mindre arbeid med å grave seg inn, då det er råd å gå inn ei luke på nordsida.

Turlagskontoret fysisk stengt

Turlagskontoret i Langebruvegen i Førde vil i første omgang vere stengt inntil vidare, men vi svarar på telefon, e-postar og henvendingar i sosiale medium. Du kan kontakte kontoret på e-post: sft@dnt.no eller telefon 482 36 615. Vi svarar på henvendingar måndag-fredag frå kl. 9-15 (kan vere unntak, men e-post ok). Turlagskontoret er stengt, og alt utlån av utstyr står på vent i denne perioden.

No er det nærtur som gjeld

Det er mykje snø i fjella i store delar av vårt område, så det kan ligge an til mange fine vårskiturar i nærområdet, sålenge styresmaktene ikkje innfører portforbod.

Ta gjerne og ein tur  i skog/mark eller på stranda. Tenn bål, lag pinnebrød, bu ei natt i hengekøye eller gå ein sti du aldri tidlegare har gått.

Gå gjerne til eit turmål med turpostkassar, men vent med å skrive deg inn i bok. Last heller ned vår digitale turpostkasse SjekkUT.

Her kan du sjekke inn på turmål digitalt heile døgeret. Appen er gratis. Du finn også tusenvis av nærturar på UT.no


Mvh
INDRE SUNNFJORD TURLAG
v/leiar
Kjell-Arne Hjellbrekke

Som vi ser er inngangsdøra på Longevasshytta heilt dekt av snø.
Som vi ser er inngangsdøra på Longevasshytta heilt dekt av snø. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.