Rakk Bjørsetfjellet før styggevêret kom

Vindfullt på toppen. Deltakarane var snare med å få av fellane og sette kursen nedatt.
Vindfullt på toppen. Deltakarane var snare med å få av fellane og sette kursen nedatt. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.

Dei som vart med på toppturen til Bjørsetfjellet laurdag var heldige med vêret på oppturen.

Det møtte 15 som var klare til topptur i Årdal i Jølster klokka ti laurdag. Det starta med fint vêr og godt humør fyrste del av toppturen. Det var bratt langs ryggen mot Jølstravatnet. På toppen auka vindstyrken, og dermed lysta til å kome seg i ly. Så gjengen sette raskt utfor i retning parkeringsplassen. Heile turen gjekk unna på om lag tre timar.

På vegen opp var det sol og flott utsyn mot Jølstravatnet.
På vegen opp var det sol og flott utsyn mot Jølstravatnet. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Klare for motbakkar.
Klare for motbakkar. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.