Fullt hus på Nipebu

Nipebu.
Nipebu. Foto: Roy Raasholm Fauske

Har du tenkt deg ein tur til Nipebu utpå våren/sommaren, er det eit par datoar du bør unngå om du vil ha sengeplass.

For Askvoll skule har planar om å ta turen til hytta og overnatte frå 27. til 28. mai. Dei kjem til å vere rundt 40 personar, elevar og lærarar, så det seier seg sjølv at då blir det ikkje plass til andre. Ein del av dei må overnatte ute i telt.

Også frå 22. til 24. juni blir det trangt om plassen på Nipebu. Då kjem Askvoll friluftsskule. 

Men bortsett frå desse datoane er det vanlegvis greitt å få seg ei seng å sove i på Nipebu, og alle som er glade i ein tur i naturen er hjarteleg velkomne til å overnatte på hyttene våre. Vilkåret er sjølvsagt at du respekterer hyttereglane, ryddar etter deg og betalar for opphaldet.