Grauttur til Movika søndag

Frå grautturen i fjor.
Frå grautturen i fjor. Foto: Sissel Flåm.

Søndag 8. desember skal Barnas Turlag i Førde ha den årlege Grautturen. I år som i fjor blir vi i Movika.

Pga. Dårlig vær velger vi å utsette Grautturen.
Vi kjem tilbake med ny dag og tidspunkt.


Vi møtest på parkeringsplassen ved Sunnfjord Museum kl. 13.00 Vi går først ein tur på Mostien før vi samlast til graut og saft i Løa på museet.

Turbo vil gjerne gå rundt juletreet, og kanskje dukkar det opp overraskingar.

På grunn av maten (gratis) må vi ha påmelding, så vi veit kor mykje graut som må lagast.

Påmelding til turleiar  Sissel Flåm, 99264780

Og trykk gjerne SKAL på arrangementet som ligg på Barnas Turlag Førde sine FB-sider.

Sunnfjord museum er ope kl 12-16 denne dagen, og her kan de m.a. sjå peparkakebyen.

Mvh.

Sissel Flåm

Barnas Turlag Førde.

Turbo er med.
Turbo er med. Foto: Sissel Flåm.