Attval på Kjell Arne

Godt oppmøte på Førde Gjestehus og Camping.
Godt oppmøte på Førde Gjestehus og Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Om lag 35 medlemmer møtte fram på årsmøtet til Indre Sunnfjord Turlag torsdag kveld.

Det vart eit roleg og sakleg årsmøte, der Kjell Arne Hjellbrekke vart attvald som leiar for eitt år. Han og styret fekk gjennomslag for ei endring i vedtektene som skal gjelde frå neste årsmøte. Det inneber at hovudstyret frå og med neste år skal ha leiar, nestleiar og kasserar, i tillegg til at alle leiarane i undergruppene blir styremedlemmer. 

Ronny Iden seier takk for seg etter mange år i styret, og han fekk takk for innsatsen frå leiar Kjell Arne Hjellbrekke.

Judith Kapstad, som representerte Sunnfjord kommune, delte ut premiane til dei som vart trekte ut som vinnarar av årets TiTur. I alt 114 fullførde minst ti av dei 15 turane dei kunne velje mellom. Tre av fire vinnarar var til stades på årsmøtet: Thomas Tefre, Jenny Hafstad Ottesen og Øystein Lien. Den fjerde vinnaren, Emine Holsen, var ikkje til stades. 

Etter årsmøtesakene fortalde Kjell Kleiven om ein uforgløymeleg påskeskitur i Jotunheimen. 15 deltakarar gjekk frå hytte til hytte i fem dagar, i samanhengande strålande vêr.

Referat frå årsmøtet i Indre Sunnfjord Turlag torsdag 28.11. 2019 kl. 18.00 på Førde Gjestehus og Camping.

Det møtte 35 medlemmer.

· Første post på programmet var utdeling av premiar frå årets TiTur Førde, som i år var eit samarbeid med nye Sunnfjord kommune. Berit Berger Nilsen fortalde at i år har folk hatt 15 turar å velje mellom. 114 har gått ti turar eller meir. Av dei vart desse trekte ut til premievinnarar: Thomas Tefre, Jenny Hafstad Ottesen, Øystein Lien og Emine Holsen. Dei tre førstnemnde var til stades og fekk utdelt gåvekort frå Intersport og lue med Sunnfjord-logo frå Judith Kapstad, som representerte Sunnfjord kommune.

· Marit Sørum, nytilsett ungdomskontakt i Sogn og Fjordane Turlag, orienterte om sitt arbeid.

· Ronny Iden fortalde om arbeidet som er gjort med tanke på organisering av turlaga når Sogn og Fjordane blir ein del av Vestland fylke.Han har vore med i ei arbeidsgruppe i Sogn og Fjordane Turlag, som skal kome med ei tilråding. I gruppa er det ikkje stemning for ei samanslåing med Bergen og Hordaland Turlag. Derimot er medlemmene positive til ei profesjonalisering av turlagsarbeidet i Sogn og Fjordane.

· ÅRSMØTESAKER:

Det var ikkje merknader til innkallinga og saklista. Roy Raasholm Fauske vart vald til ordstyrar, Kjell Arvid Stølen til referent. Atle Holsen og Julie Kleiven vart valde til å skrive under møteboka.


· Sak 3. Årsmelding 2019: Leiar Kjell Arne Hjellbrekke gjekk gjennom årsmeldinga for 2019, der det mellom anna går fram at talet på deltakarar på dei organiserte turane har gått ned, særleg gjeld det onsdagsturane. Samstundes er inntrykket at folk går på tur som aldri før. Hjellbrekke sa at turlaget i større grad er blitt ein tilretteleggar og mindre grad turarrangør. Han nemnde at Alvar Melvær har fått DNT sitt heidersteikn, og gav ros til Odd Skrede, som tok leiaransvar i

seniorgruppa. Denne gruppa hadde auke i tal turdeltakarar. Bjarte Johan Erdal spurde om det blir opplyst på hyttene om at også dagsturbesøkande skal skrive seg inn i protokollane. Han syntest det var rart at det berre er registrert 12 dagsturbesøk på Longevasshytta. Kjell Kleiven var samd i at dette ikkje gir eit rett bilete, men at det er vanskeleg å få folk til å skrive seg inn i protokollane.

Etter dette vart årsmeldinga samrøystes vedteken.

· Sak 4. Rekneskap 2019: Kasserar Ronny Iden gjekk gjennom rekneskapen. Det var budsjettert med eit underskot på 78.000 kroner, men enda med eit overskot på vel 172.000. Meir medlemspengar enn rekna med, pluss at ei løyving på 50.000 kroner til jubileumshefte ikkje vart brukt, er mellom årsakene til avviket. Dette vil jamne seg ut i 2020, for då blir det mindre i medlemspengar, og løyvinga til jubileum blir overført, sa Iden.

Rekneskapen for 2019 vart samrøystes vedteken.

· Sak 5. Handlingsplan for 2020: Kjell Arne Hjellbrekke gjekk gjennom handlingsplanen. Alf Vidar Snæland etterlyste eit punkt om å starte med tilrettelagde turar i nærområdet for folk som elles ikkje så lett kjem seg på tur. Det vart vedteke å ta inn eit punkt om dette i handlingsplanen, som elles vart samrøystes vedteken.

· Sak 6: Budsjett for 2020: Ronny Iden gjorde greie for at det for komande år er budsjettert med eit underskot på vel 129.000 kroner. Ein nedgang i medlemspengar, pluss bruk av 50.000 kroner til jubileumsmarkering er mellom årsakene. Odd Skrede konstaterte at laget har mykje pengar i bankinnskot, og spurde om vi får god nok rente på desse. Iden sa at dette er noko ein bør undersøke. Det vart også spurt om laget tek nok i turavgift. Hjellbrekke sa at vi vil halde turavgiftene så låge som råd, slik at turane til IST ikkje blir så eksklusive at berre rike og vellukka kan delta. Budsjettet for 2020 vart samrøystes vedteke.

· Sak 7. Innkomne framlegg: Styret i IST gjer framlegg om ei endring i vedtekene paragraf 4h om at styret frå og med årsmøtet i 2020 skal vere

samansett av leiar, nestleiar og kasserar, pluss leiarane i undergruppene, og at nestleiarane i undergruppene skal vere varafolk. Hjellbrekke grunngav framlegget med at det med dagens ordning er vanskeleg å halde kontakt med alle undergruppene. Roy Raasholm Fauske kom med eit tilleggsframlegg om å endre paragraf 4 b,c,d,e,f, og g til at både leiarar og nestleiarar i undergruppene blir valde for to år. Med denne endringa vart framlegget til vedtektsendring samrøystes vedteke.

· Framlegg til endring i vedtektene paragraf 2, interesseområde: På grunn av kommunesamanslåinga frå 1.1. 2020 blir det endra til at interesseområdet til IST blir Askvoll, Fjaler og Sunnfjord kommune. Dette vart samrøystes vedteke.

· Sak 8. Val.

Desse vala vart gjorde:

Hovudstyre:

Leiar: Kjell Arne Hjellbrekke – attval for 1 år.

Styremedlemmer: Berit Berger Nilsen – Ny for 2 år.

Anita Rennestraum – ikkje på val.

Vigdis Flaten Kvamme – ikkje på val.

Jorunn Vågen – ikkje på val.


Varamedlemmer: 1. Steffen Ben Jonstad – ny for 1 år.

2. Lina Hågøy Tonheim – ny for 1 år.

3. Roger Hopland – attval for 1 år.


Barnas Turlag:

Leiar: Steffen Ben Jonstad – ikkje på val.

Styremedlemmer: Sissel Flåm – ikkje på val.

Karina Helle – ikkje på val.

Evely Vågane – ikkje på val.

Kenneth Ølmheim – ikkje på val.

Heidi Eriksrød – Ny for 2 år.

Varamedlem: Torill Hukset – attval for 1 år.


UNG-gruppa:

Leiar: Lina Hågøy Tonheim – ny for 2 år.

Styremedlemmer: Jarand Fitje – ny for 2 år.

Elias Vik Ødelien – ikkje på val.

Alver Brennersted – ikkje på val.

Varamedlem: Ronja Årskaug Vallestad – Ny for 1 år.


Seniorgruppa:

Leiar: Odd Skrede – attval for 2 år

Styremedlemmer: Edith Falkenstein – ikkje på val.

Sigrid Gjelsvik – ny for 2 år.

Magni Kvile – ny for 2 år.

Varamedlem: John Lien – attval for 1 år.


Bre- og fjellsport:

Leiar: Per-Tore Meier – attval for to år.

Styremedlemmer: Asle Veien – ikkje på val.

Kjell Kleiven – ikkje på val.

Peter Joachim Gogstad – ny for 2 år.

Varamedlem: Sissel Vedvik – Ny for 1 år.


Hyttestyre:

Leiar: Kjell Kleiven – attval for 2 år.

Styremedlemmer: Mariann Svingen – ikkje på val.

Per-Tore Meier – attval for 2 år.

Anders Terje Vie – attval for 2 år.

Varamedlem: Arnfinn Valaker – attval for 1 år.


Merke- og løypenemnd:

Leiar: Atle Holsen – attval for 1 år.

Styremedlemmer: Kjell Befring – attval for 2 år.

Knut Skurtveit – attval for 2 år.

Varamedlem:

Revisorar: Marit Nikø og Bjarte Erdal – attval for 1 år.

Valnemnd:

Leiar: Ronny Iden

Medlemmer: Roy Raasholm Fauske og Alf Vidar Snæland.

Utsendingar til årsmøte i Sogn og Fjordane Turlag:

Leiar og nestleiar (vara: kasserar og skrivar).

· Etter årsmøtesakene viste Kjell Kleiven foto frå og fortalde om årets påskeskitur i Jotunheimen, ein tur med samanhengande godvêr i fem dagar.

Referat

Kjell Arvid Stølen


Vinnarar av TiTur-premiar: Thomas Tefre, Jenny Hafstad Ottesen og Øystein Lien.
Vinnarar av TiTur-premiar: Thomas Tefre, Jenny Hafstad Ottesen og Øystein Lien. Foto: Kjell Arvid Stølen.
Marie Sørum fortalde om arbeidet med å få ungdom interessert i turaktivitetar.
Marie Sørum fortalde om arbeidet med å få ungdom interessert i turaktivitetar. Foto: Kjell Arvid Stølen.
Ronny Iden går ut av styret etter lang og god innsats, og blir takka av leiar Kjell Arne Hjellbrekke.
Ronny Iden går ut av styret etter lang og god innsats, og blir takka av leiar Kjell Arne Hjellbrekke. Foto: Kjell Arvid Stølen.
Kjell Arne Hjellbrekke tek eitt år til som leiar.
Kjell Arne Hjellbrekke tek eitt år til som leiar. Foto: Kjell Arvid Stølen.
Kjell Kleiven fortalde om påskeskituren i Jotunheimen.
Kjell Kleiven fortalde om påskeskituren i Jotunheimen. Foto: Kjell Arvid Stølen.