November kan vere fin turmånad

Slike syn er livgjevande no om hausten.
Slike syn er livgjevande no om hausten. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Er du så heldig som oss og kan gå på tur når sola skin, så har november 2019 så langt vore ein fantastisk turmånad.

Det er ikkje så mange soltimar  i november, men for oss som ikkje har ein jobb å passe lenger, er det sutalaust å tilpasse turane våre til desse timane. Då kan vi til dømes ta turen rundt Bekkjavatnet. I dag var det heilt fantastisk. Vi tok skuggesida først og fekk full valuta i solskinet på austsida av vatnet. 

Det var nokre få centimeter med snø, men heilt fint å gå, frosa mark med hardt og godt underlag. På austsida hadde det kjøvd nokre få plassar, men desse ispartia var det greitt å gå utanom. Og så er det grunn til å rette ei takk til Gilmar Kjelsnes og kompisane hans. Dei har gjort det framkommeleg heile vegen rundt vatnet, også i november.

PS! Vi minner om årsmøtet i Indre Sunnfjord Turlag torsdag 28. november klokka 18.00 på Førde Camping og Gjestehus. Fint om mange av medlemmene møter fram for å få informasjon om laget og eventueelt seie si meining om stoda.


På veg mot sola, aust for Hunsrasta.
På veg mot sola, aust for Hunsrasta. Foto: Kjell Arvid Stølen.
Artikkelforfattaren nyt novembersola.
Artikkelforfattaren nyt novembersola. Foto: Judith Nora Stølen.
Isen har lagt seg på ein del av vatnet.
Isen har lagt seg på ein del av vatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen.