Stølstur i fint haustvêr

På Bakkestøylen.
På Bakkestøylen. Foto: Anne Cecilie Kapstad.

Laurdag 19. oktober gjekk ei lita gruppe på fem personar frå støyl til støyl i vestre Jølster. 


Turen starta på gardstunet til turleiar Anne Cecillie Kapstad, garden Haugland i grenda Kjelsnes. Frå her gjekk det "rett på" opp bratte bøar og vidare på god støylsråk til Kjelsnesstøylen. Etter å ha skrive seg i støylsboka og fått formidla litt historie frå støylen, der bl.a. Huldresølvet kjem frå, gikk vegen vidare over Hamarsegga. Denne høgda ligg under Middagsfjellet, som er ei kjend fjellside på Vassenden. 

Etter litt vandring, der vi passerte ovanfor Hamarstøylen, enda følgjet opp på Holestøylen og Hamarsbakkestøylen. Desse to støylane ligg side ved sida av kvarandre. Vi åt matpakkane med kosen frå stearinlysa i fjøsen på Hamarsbakkestøylen, som ganske nyleg er blitt restaurert og gjort om til eit stort sel. 

Turfølgjet var ivrige på å oppdage nye støylar, og ville ha med seg bonusrunden vidare til Tollefstøylen. Stien mellom Hamarsbakkestøylen og Tollefstøylen har blitt rydda til fjelltrimmen i Jølster i sommar. Råka mellom støylane gir flott utsikt over grendene under, og fjella rundt Jølstravatnet. Frå Tollefstøylen kunne vi skimte Strandstøylen ved Klauva før vi snirkla oss ned stien til Strand. 

Stien til Tollefstøylen går i sjeldant flott og ope beitelandskap, som er omlag fritt for grana som elles pregar mykje av fjellsidene rundt Jølstravatnet. Vel nede att på Strand kunne følgjet labbe attende ved Jølstravatnet til startpunktet, mens vi studerte gardane som eig dei ulike støylane vi nett hadde vitja. 

På Kjelsnesstøylen.
På Kjelsnesstøylen. Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Litt innekos vart det tid til på Hamarsbakkestøylen.
Litt innekos vart det tid til på Hamarsbakkestøylen. Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Foto: Anne Cecilie Kapstad.