Skal du på Longevasshytta?

Om du nyttar det finvêret vi er lova dei komande dagane  til å ta ein tur på Longevasshytta, så kan du kombinere det med ei god gjerning.

For ein av elevane på Nordfjord Folkehøgskule har gløymt att ei svart dunjakke, liknande den du ser på biletet. Dette er ei slik jakke som du kan pakke i ein liten pose. Inne i jakka er det ein lapp med namnet Øystein Vikøren Espenes, og eit telefonnummer, 95081034. Finn du jakka på Longevsshytta, så er eigaren takknemleg om du kan ta ho med nedatt.