Fullklaff for Lunde-Fjærland

Foto: Kjell Kleiven.

Utsettinga av den oppsette turen viste seg å resultere i ein svært vellukka tur.

Turen Lunde-Fjærland blir kalla ein klassikar, og i turlagssamanheng blir den gått berre i godvêr. Den helga vi hadde planar om å gå var det ikkje forhold for å gjennoføre turen, og  den vart dermed avlyst. Tanken var at om det vart ei helg med godvêr, kunne det bli aktuelt å gå turen seinare.

Denne helga klaffa det til gagns, med gode meldingar om sol og sommartemperatur, og då var det berre å hive seg rundt og ta turen.

Vi var 18 stykker, og vi fekk ein fantastisk tur frå start til mål. Den bratte stien opp Lundeskaret var tørr og fin, og i roleg tempo kom vi til toppen etter ein og ein halv time.

Her varma sola godt, og vi hadde ein god pause før vi rusla vidare mot Marabreen.

Vi trefte på litt nysnø, men ikkje verre en at det gjekk fint å krysse breen til fots.

Ved Kvitevardane, i ca 1400 meters høgde var det heilt vindstille, og sola varma frå skyfri himmel. Her var det berre å nyte vêret og den fine utsikta, fjord, fjell og bre, alt på ein gong. Her kunne vi vore lenge, men etter ein god pause starta vi på turen ned i Bøyadalen.

På sognesida hadde nysnøen lagt seg lengre ned i lia enn på jølstrasida, det låg nysne nedover til ca 900 moh.

Sju timar etter at vi starta var vi nede i Bøyadalen.

Ref

Kjell Kleiven.

Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.