Seniorane til Vidsyn

Foto: Odd Skrede.

Tysdag 10. september var det seniortur til Vidsyn.

Den nye dagsturhytta i Fjaler har ei praktfull utsikt utover havet, med Alden som eitt av mange blikkfang.  Hytta med det treffande namnet Vidsyn er reist nokre hundre meter sørvest for toppen av Bygdeheia (280 moh) med Grytøyra i nord, Våge i vest og Folkestad i sørvest. Hytta kan nåast frå fleire stader.

17 glade seniorar fekk ein fin tur i topp turvêr.

Tove Berglund var guide/kjentkvinne. Odd Skrede var assisterande turleiar.

Foto: Odd Skrede.
Foto: Odd Skrede.