Blir du med på dugnad?

Longevasshytta.
Longevasshytta. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.

Komande helg er det dugnad på Longevasshytta.

- Då blir det dugnad på Longevasshytta 6.-8. september, det ser ut som det passar for flest den helga, seier dugnadsleiar Kjell Kleiven.

Det blir folk på hytta frå torsdag kveld 05.09, og dei som kan og har tid er velkomne då, elles kjem de når det passar.

Om vêret tillet det blir det helikoptertransport fredag morgon.

Det blir kjøpt inn mat til alle som kjem, vi ønsker difor tilbakemelding om kven som kjem, og eventuelt når.

Bortsett frå det vanlege, ved, gass, og proviant, må vi gjere ein innsats for å få bukt med ein lekkasje i veggen mot vest, her kjem det vatn inn på golvet. Dette må vi få ordna før vinteren. Om vi blir ein god gjeng reknar eg med vi får gjort det på ei langhelg, gjerne frå torsdag til søndag.

Kledning og lekter må ned, for å legge ny duk på heile veggen. Eg har snakka med Frode, på Farsund Bygg, og bestilt det som må til for å få det tett, duk, teip, og ny kledning.

Det må byggast stillas for å få gjort jobben, om noken kan/vil og har tid i forkant, kan dette byggast kor tid som helst.

Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.