Flott tur til Kvannebakkbu

Foto: Kjell Arne Hjellbekke.

Dei 10 som vart med på turen til Kvannebakkbu søndag fekk ein fin seinsommartur.

Turen var utsett frå laurdag til søndag, fortel vikarierande turleiar Kjell Arne Hjellbrekke.

- Vi fekk etter kvart eit ikkje så verst vêr. Etter att vi første timen gjekk i litt regn, letta det opp, og temperaturen var heller ikke råd å klage på  Litt vind må ein rekne med når ein er på tur i 1500 moh.

Det stig jamnt oppover etter at ein har passert Befringstølen, før ein kjem innover eit litt flatare parti. Stien er bra oppgått og merka med små vardar. I siste bratte kneika opp til Strupen møtte vi på eit stykke med grov ur, men turfølgjet tok seg greitt forbi, og etter knappe to timer var vi komne opp i  Strupen.

Der tok vi ein liten matbit. Så sette vi kursen oppover Kvannebakknova og  mot dagens turmål, Kvannebakkbu. Oppover her dei rundt 300 siste  høgdemetrane var det forholdsvis greitt å gå, på grussti og svaberg.

Vi tok pause inen i Kvannebakkbu. Kjekt å kunne gå inn og få på seg tørr skjorte og sitte i ly for vind og vêr og ete nista.

Etter ein god pause innandørs gjekk turen nedover .Då vart vi møtt av ein svært mild seinsommervind.

 Flott tur til eitt av TiTur Sunnfjord sine turmål i sommer med 10 turdeltakarar og ein hund.

Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Foto: Kjell Arne Hjellbekke.
Foto: Kjell Arne Hjellbekke.