Vellukka tur til Høgenipa

Det vart til og med ein og annan solgløtt på turen, her på toppen av Høgenipa.
Det vart til og med ein og annan solgløtt på turen, her på toppen av Høgenipa. Foto: Anne Cecilie Kapstad.

I forkant av turen til Høgenipa var det litt spenning på om det vart godt nok turvêr for at denne flotte rundturen kunne gå som planlagt, skriv turleiar Anne Cecilie Kapstad i turrapporten sin.

Heldigvis letta skylaget og regnbyene litt på seg denne søndagen, slik at det vart ein flott turdag for å gå utsiktsturen rundt Høgenipa i Kjøsnesfjorden i Jølster. Eit forventningsfullt turfølgje med 12 spreke fjellbein starta i Fossheimsdalen. Alle fekk ein kald start på morgonen med barbeint vading i elva som renn ut i Instebotnvatn.

Etter dette vart dei ein del høgdemeter som skulle takast. Etter kvart som vi steig opp mot Høgenipa fekk vi meir og meir utsikt over Kjøsnesfjorden, dei bratte fjelltoppane rundt og Grovabreen. Vel oppe på ryggen var det ein periode der vi måtte på med regnkleda sidan vi fekk litt vind og nokre regndråpar. Heldigvis letta det opp att slik at vi ikkje mista utsikta mot Jølstravatnet etterkvart som vi gikk ryggen mot Skafonnfjellet og Løkabotsegga.

Turfølgjet var godt mette på fine fjellopplevingar då vi avslutta rundturen i god sommartemperatur siste stykket ned att til bilane. 

Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Foto: Anne Cecilie Kapstad.