Ny onsdagstur: Osen-Fløyen

Ei regnbye kan vere ei visuell velsigning.
Ei regnbye kan vere ei visuell velsigning. Foto: Kjell Befring.

Turleiar Kjell Befring fann eit nytt turmål då det synte seg at den oppsette turen til Blomfjellet måtte sløyfast.

Her er hans turrapport:

Det regna godt onsdag ettermiddag, men det såg ut til å vere over då tre som ville på tur sette seg i bilen på Esso. Turmålet, Fløyen, var nytt som onsdagstur og vi drog til Osen i Bygtad. Frå kraftverket der køyrde vi den bratte bomvegen til Dammen. Gjekk derifrå på godt tilrettelagt sti over steinlagd myr og gjennom gammal furuskog.

Over skoggrensa nærma vi oss det første utsiktspunktet og her fekk vi heldigvis ei ny regnbye. Dermed vart den flotte utsikta innover mot Osfossen var innramma av ein dobbel regnboge, eit fantastisk skue !

På Fløyen 625m.o.h , ved den særeigne varden hadde vi fin utsikt over Bygstad med Bergsheia og Hestane. Tilbake ved bilen fann vi ut at vi hadde tid til ein liten avstikkar opp på Osstøylen som ligg litt ovanfor Dammen. Der var folk på støylen og vi fekk ei kjekk stund der vi fekk fortalt om støylen og området. 

Heile turfølgjet på toppen av Fløyen.
Heile turfølgjet på toppen av Fløyen. Foto: Kjell Befring.
Kjekk avstikkar til Osstøylen.
Kjekk avstikkar til Osstøylen. Foto: Kjell Befring.