Flott tur til Oldeskaret

Utsyn frå Oldeskaret mot Oldevatnet.
Utsyn frå Oldeskaret mot Oldevatnet. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.

12 spreke turdeltakarar var med å gå frå Høyset i Stardalen til Melkevoll bretun i Oldedalen.

Tur gjekk i fint turver, minus ei kortare regnbye, rapporterer Kjell Arne Hjellbrekke.

Det gjekk lett og greitt å gå oppover til Storevatnet 1051 moh. Oppe ved varden fann vi ut att vi hadde så god tid at vi  valde å ta turen oppom Blåfjellet 1316 moh., som ligg i nordleg rettning for høgste punktet på turen gjennom Oldeskaret.

Vi sette att ryggsekkane ved Jarbu, ei lita steinhytte som ligg ved foten av fjellet på ca 1090 moh.

Oppe på toppen hadde vi ei flott utsikt innover bren og utover Oldedalen og brefalla rundt . På veg ned frå toppen fekk vi litt regn, men vi nåddened til Jarbu att før vi blei noko særleg våte av regnet. Her fekk alle så vidt det var plass inne i hytta til den verste bya var over, og turen nedover den godt opprusta stien til Oldedalen kunne starte. Det er ein lang unnabakke å gå, men ein har nesten heile tida ei flott utsikt til blant anna Briksdalsbren og  fossande elvar rundt.

Alt i alt ein vellukka tur, der vi fekk med eit nytt turmål for alle deltakararane, og som aldri før har vore på IST sitt turpogram.


Foto: Dag Nestegjerde.
Foto: Dag Nestegjerde.
Foto: Dag Nestegjerde.
Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.