Endra mål for onsdagsturen

Utsikt frå Fløyen. Foto i Opptur Sunnfjord.
Utsikt frå Fløyen. Foto i Opptur Sunnfjord.

Det blir endring i planane for onsdagsturen 14. august.

Turleiar Kjell Befring seier at han gjekk den oppsette turen frå Kinna til Blomfjellet fredag. Konklusjonen er at dette blir ein for tung og tidkrevjande tur. Det er veldig mykje våt myr, og frå Dyttingvatnet er det lite sti.  Dermed måtte han finne eit anna turmål. Han sjekka laurdag korleis det er frå Osen i Bygstad til Fløyen, tur 12-13 i Opptur Sunnfjord. Det er ein tur med fin utsikt. Det er bomveg opp til dammen ved kraftverket, men den er bratt, og ein må ha firehjulstrekk for å køyre der. Interesserte møter som vanleg ved Esso i Førde.