Onsdagstur til Nareggja

Nareggja, med flott utsyn utover Førdefjorden.
Nareggja, med flott utsyn utover Førdefjorden. Foto: Sigrid Gjelsvik.

Den siste dagen i juli går onsdagsturen til Nareggja i Naustdal kommune.

Det er Sigrid Gjelsvik som blir turleiar i staden for Roy Raasholm Fauske. Og turen startar ved Helletunnelen, ikkje frå Mortensbakken, slik det opprinneleg var tenkt. Som vanleg oppmøte på Esso i Førde klokka 18 for dei som det passar best for. 


Så er det å håpe at Sigrid får fylgje av litt fleire enn Lydia Nesje fekk på onsdagsturen til Tindefjellet i Jølster den 24. juli. Her er rapporten hennar:

- Ein nydeleg julikveld på tur til Tindefjellet er ikkje feil, men denne onsdagen var det ikkje mange som var samde i det, berre Anders Vie møtte opp til onsdagstur. Kanskje var det høg temperatur som også stogga turfolket. Uansett så vart det ein triveleg tur i lettskya fint ver, ikkje vanskeleg å halde flokken samla heller. Tre sauer prøvde å få innpass, men vi held oss førebels til tobeinte turdeltakarar. Turleiar  Lydia takkar for fin tur og ein god prat.

Fin utsikt frå Tindefjellet den 24. juli.
Fin utsikt frå Tindefjellet den 24. juli. Foto: Lydia Nesje.
Heile turfølgjet.
Heile turfølgjet. Foto: Lydia Nesje.
Sauene som prøvde å bli med på tur med Anders Vie.
Sauene som prøvde å bli med på tur med Anders Vie. Foto: Lydia Nesje.