Til Svartepøyla i sommarvarmen

Dei som fekk med seg den fine turen i sommarvarmen: Frå venstre: Janne Lykkebø Svorstøl, Mari-Ann Muledal, Anne Berit Steiro, Sigrid Gjelsvik, Britt Kringlen, Torgeir Herstad, Ragnhild Kringlen, Aksel Svorstøl, Inge Svorstøl, Ingrid Kringlen, Iver Svorstøl, Atle Kringlen, Ole Kristian Vonen. Ikkje med på bildet: Arild Vonen, Åse Vonen, Marcus Megrund og Ola Kringlen (fotograf).
Dei som fekk med seg den fine turen i sommarvarmen: Frå venstre: Janne Lykkebø Svorstøl, Mari-Ann Muledal, Anne Berit Steiro, Sigrid Gjelsvik, Britt Kringlen, Torgeir Herstad, Ragnhild Kringlen, Aksel Svorstøl, Inge Svorstøl, Ingrid Kringlen, Iver Svorstøl, Atle Kringlen, Ole Kristian Vonen. Ikkje med på bildet: Arild Vonen, Åse Vonen, Marcus Megrund og Ola Kringlen (fotograf). Foto: Ola Kringlen.

Laurdag 27.juli var det tid for ein ny tur i IST regi, nemleg tur frå Vonavatnet til Svartepøyla inst i Naustdal kommune.


Lengda på turen er 8,5 km kvar veg, totalt 17 km. Vi var spente på påmeldinga då temperaturane dei siste dagane låg rundt 30 grader også inne i fjellheimen. Men 17 personar møtte opp, og alle hadde vassflaskene klare. Turen starta med båtskyss over Vonavatnet, og på Vona møtte vi dei andre deltakarene som var på hyttene sine der.

Turen gjekk i etappar, vi fann ut at pga varmen måtte vi legge inn nokre fleire og litt lengre pausar enn vanleg. Drikkeflaskene vart stadig oppfylte etter kvart som vi traska innover. Første stopp var på Vonastølen der Ola Kringlen fortalde litt om historia til kunstmålar Johan Indrekvam som var på stølen med familie og buskap i mange år på 60 og 70- talet, og måla mange av dei finaste maleria sine i fjellheimen der.

Neste og tyngste etappe var opp til Varebakkane på ca 900 moh. I liane oppover merka vi den trykkande varmen skikkeleg i småskogen opp mot toppen, men vart velsigna med ein fin bris frå aust då vi nærma oss toppen. Her vart det lagt inn ein 20 minutt stopp med litt mat og drikke.

Så vart terrenget lettare inn og ned mot Nordre Holebotnen, der det vart bading i elva for nokre av oss. Det gjorde verkeleg godt med avkjøling før siste etappe mot Svartepøyla, sjølv om badetemperaturen her var nesten på Syden-nivå. Det vart også tid til litt utfordringar for dei mest spretne, nemleg å hoppe over «Bykset» som er ei ca 2 meter brei kløft som elva renn igjennom, og som i alle tider har vore rekna som eit «karstykke» å hoppe over.

Siste etappen mot målet gjekk no oppover mot skaret under Oksefjellet, og snart openbara synet av Svartepøyla seg. For dei som ikkje hadde vore der før, så vart det nærmast eit «gisp» når dei såg inn i denne perla. Dei tre vatna låg der blankstille og bada i sol, og lokka oss innover til rasteplassen mellom fremste og midterste vatnet.

Turen inn var på førehand estimert til 3 timar, men pga varmen denne dagen, brukte vi 4 timar med litt fleire pausar enn vanleg. No vart badetøyet på nytt henta fram, og ein fekk kjøle seg ned litt og kose seg med ein 2 timars mat- og kvilepause. Frå dei som hadde bada her før, vart det slege fast at dei aldri hadde opplevd slik god badetemperatur der inne før.

Nokre som ikkje hadde vore her før, gjekk ein snartur også heilt inn til inste vatnet. Tre av deltakarane «hoppa av» turen her, to skulle fiske og sjå etter sauer, mens ein gjekk vidare mot Longevasshytta via Blåfjellet på 1390moh, høgste fjellet i Naustdal.

Så var det tid for heimtur, og det var nett ikkje kaldare enn når vi gjekk inn. Vi gjekk same vegen tilbake, og terrenget er slik at det følest lettare å gå denne vegen enn innover pga at no kan ein gå dei tunge Varebakkane nedover i staden for opp. Tilbaketuren gjekk unna på tre timar inkludert korte drikke- og badepausar. Deltakarane likte turen og fjellheimen her inne svært godt, og det kom forslag om at dette måtte bli ein fast IST-tur.

Helsing turleiarane Ola og Britt Kringlen

Inste vatnet.
Inste vatnet. Foto: Ola Kringlen.
Utsikt mot Svartepøyla.
Utsikt mot Svartepøyla. Foto: Ola Kringlen.
Bading i fremste vatnet.
Bading i fremste vatnet. Foto: Ola Kringlen.
Ved Indrekvamselet på Vonastølen.
Ved Indrekvamselet på Vonastølen. Foto: Britt Kringlen.
Matpause på Varebakkane.
Matpause på Varebakkane. Foto: Britt Kringlen.
Hopping over Bykset.
Hopping over Bykset. Foto: Janne Lykkebø Svorstøl.