Ny og spennande tur

Vora i Breim (1435 moh) var eit nytt turmål for IST. Det heldt det turomtalen lova og vel så det.
Det var ein litt brutal bratt start, ein får motbakken rett i mot den første heile timen og vel så det. Etter at det den sist veka har vore litt trafikk, var råsa ikkje så vanskleg å finne. Og med svært spreke turgårarar frå Sunnfjord og Nordfjord vart det første og hardaste stykket unnagjort omtrent utan stopp. Vi kunne puste letta ut opp på kanten ved Strandastøylen, der vi fekk den første flotte utsikta over Breimsbygda.
Turen over skoggrensa baud på storslagent utsyn i mange himmelretningar. Her fekk vi sjå Jostedalsbreen, Snønipa, Sunnmørsfjella, Gjegnenmassivet m.m, i eit terreng med jamn slak stigning til toppen av Vora som er på 1450 moh. Her vart det meir steinete terreng.
Så gjekk vi vidare til dagens turmål son var sjølve Voraspissen 1437 moh. Her fekk vi eit mektigt utsyn rett ned i Myklebustdalen og vidare over Utvikfjellet og mykje lengre enn det. Sørstranda ved Gloppefjorden eine vegen, og Skåla den andre vegen.
Tilbaketuren gjekk langst kanten med den flotte og luftige utsikta rett ned i Myklebustdalen med det flotte lysegrøne vatnte og breelva som slyngjer seg nedover mot Byrkjelo. Då vi nærna oss Nonselvvatnet svinga vi tilbake på den vanlege vegen til Vora der vi gjekk opp. Der møtte vi og på ei lita regnbye, før vi tok til på den siste bratte unnabakken. Her er det fort å gli, så vi måtte gå roleg nedatt til Strand der vi starta frå ca 7,5 timar tidligare på dagen.
Vi hadde fått med lokalkjende Reirar Eide, som er oppvaksen på Byrkjelo og har god kjennskap til området og fjella rundt. Han delte av sin kunnskap om om fjella og historier som høyrer til dei. Dette gjorde turen svært vellukka og interessant. Stor takk til Reidar.
Turreferat Kjell Arne Hjellbrekke.




