Rundtur i logoen til IST

Skodda lettar på veg opp til toppen av Storehesten.
Skodda lettar på veg opp til toppen av Storehesten. Foto: Anne Cecilie Kapstad.

Kvamshestane rundt - rundtur i logoen til Indre Sunnfjord turlag 14. juli 2019 .

Turleiar Lisbeth Sommer peikar og forklarar.
Turleiar Lisbeth Sommer peikar og forklarar. Foto: Anne Cecilie Kapstad.

 Tidleg på morgonen søndag 14. juli sto eit spent turfølgje klare til langtur på parkeringa under Storehesten. Dagens turmål var Storehesten opp via Tomasskaret, ned austeggja og vidare ut mot Lisjehesten, Oksekleivheia og Kvamsstølen. Ved turstart låg tåka tjukk langt nede i hesten, og gjorde marka og steinene våte og sleipe. På Kårstadstølen spurte turleiar og kjentmann Lisbeth Sommer turfølgjet om vi heller ville gå normalruta opp på hesten. Vi ville neppe oppleve utsikt opp Tomasskaret slik tåka låg. «Er det turen eller ruta de er her for?» spurte ho. Unisont svar frå deltakarane; «Vi er her for å gå ruta!». Dermed la vi i veg på rekke og rad bak turleiar opp via Tomasskaret. 

Det vart ingen kiving om å vere førstemann i følget oppover, der turleiar Sommer fekk gå først heile vegen. For i dette bratte og stilause terrenget må du vere kjentmann for å finne rett veg. Sjølv då kan det vere utfordrande når tåka ligg tett og tjukk. Dessverre fekk vi ikkje oppleve utsikta over Dalsfjorden opp Tomasskaret. Turleiar skildra denne som svært vakker, og anbefalte oss å ta turen igjen slik at vi får denne med oss ein gang. Stien var spanande og utfordrande å gå, og vart ei oppleving sjølv utan utsikt for alle som vart med oppover. Sjølv om tåka låg tett rundt oss var det likevel ikkje vanskeleg å sjå at vi passerte enkelte smale og luftige hyller undervegs. Turfølget var spente på om tåka ville lette utpå dagen. Vinden var fråverande, og tåka laga terrenget vått og sleipt. Dermed spøka det for om vi kunne våge å gå ned att den bratte egga på austsida av hesten. Turleiar Sommer annonserte at det kunne bli for vått og sleipt til å gå ned att der sidan det er mykje svaberg. 

Like før vi nådde toppen av Storehesten kom endeleg det vinddraget som var naudsynt å få for å få letta tåka. Sola varma godt når ho først fekk bryte igjennom. Mens vi rasta på toppen, og kunne nyte utsikta, vart eggja tørr og klar for å ta imot oss på veg ned mot den godt besøkte dagsturhytta Skaraly i Kvamsskaret. Etter ein kort snacks-pause ved dagsturhytta bar vegen vidare opp mot Lisjehesten. Turleiar tok oss først med opp til høgste punkt, der vi fekk storslagen utsikt mot fjellmassivet Blægja, Førdefjorden og gardane rundt. Frå her gikk vi mot den andre toppen på Lisjehesten med varde, der vi fekk godt utsyn over Bringeland flyplass, Hjelmelandsmarka og Dalsfjorden. Etter å ha «runda» Lisjehesten kunne vi slå fast at dette er eit fjell som fleire bør oppleve. Utsikta er minst like flott som frå naboen Storehesten. 

Med eit lurt smil om munnen kunne turleiar annonsere at ho hadde spart på ei siste lita bratt utfordring til slutten av dagen. Ned nordsida av Lisjehesten, som vender mot Solheimsdalen, fekk slitne og trøtte turbein utfordra seg på litt bratt og sleip klyving ned eit lite skår. Fleire av oss fekk kjenne litt på sommarfuglane i magen, og hadde full konsentrasjon mens vi klamra oss i tauet og fjellet nedover.  Alle kom seg heilberga ned skaret, og stemninga var på topp i turfølgjet då vi kunne legge i veg på siste sjarmøretappe. Denne gikk rundt foten av Lisjehesten, via Oksekleivheia og ned ryggen mot Kvamsstølen. Her var det idyllisk kveldsstemning i nydeleg beiteterreng med utsikt attende til store delar av ruta vi hadde gått i løpet av dagen. 

Somme av oss i turfølget opplevde at langturen over Kvamshestane gav oss akkurat passe med bratte utfordringar i eit variert og storslagent turterreng. Turen vert garantert eit høgdepunkt frå sommaren 2019, og eit godt fjellminne for livet. Om turen vert sett opp att på turprogrammet til Indre Sunnfjord Turlag eit seinare år freistar det å melde seg på igjen. Takk til turleiar for flott føring gjennom eit av dei flottaste fjellpartia nye Sunnfjord kommune har å vise fram!

Helsing frå turdeltakar Anne Cecilie Kapstad frå Jølster

Lydia Nesje med skrekkblanda fryd i eitt av dei brattaste partia på turen.
Lydia Nesje med skrekkblanda fryd i eitt av dei brattaste partia på turen. Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Utsyn mot Solheimsdalen frå Litjehesten.
Utsyn mot Solheimsdalen frå Litjehesten. Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Luftig nedstigning.
Luftig nedstigning. Foto: Anne Cecilie Kapstad.
Utsyn mot Blegja frå Litjehesten.
Utsyn mot Blegja frå Litjehesten. Foto: Anne Cecilie Kapstad.