Flott tur til Sandegga

Turfølgjet på toppen av Sandegga.
Turfølgjet på toppen av Sandegga. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.

Dei som vart med på onsdagsturen til Sandegga 10. juli fekk naturopplevingar så det held.

Sjølv om det er ferietid for dei fleste held vi i Indre Sunnfjord Turlag fram med onsdagsturar. Dette er kvelsturar på ein 3-4 timar.

- Denne onsdagen møttest vi som alltid på Esso i Førde. Derirå køyrde vi til  den idylliske Nydalsstølen. Her er stølshusa godt vedlikehaldne, og vi kom og i nerkontakt med beitand husdyr, fortel  IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke.

- Stien til kveldens turmål går gjennom sjølve stølsområdet, stien er godt opptrakka og merka og lett å finne. Det stig jamt oppover, så ein får fort god utsikt. Alt frå starten av på Nydalsstølen er vi komne over det meste av lauvskog. Då vi nerma oss toppen flata terrenget ut, og vi fekk ein  forsmak på den flott utsikta  som venta oss frå toppen.

Med vindstille og så godt som klart vêr i alle himmelretnigar, og ei utsikt der ein ser like til Brosviksåta eine vegen og Snønipa i ei anna retning, var det nok rette kvelden for ein tur til Sandegga, 1093 moh.

Og når vi i tilllegg fekk auge på eit par reinsdyr som fôr forbi i det vi gjorde oss klar for heimturen, var kveldsturen av dei meir vellukka.

Neste onsdag går turen frå Marka i Solheimsdalen opp Breiskora. Dette er ei av dei  mest brukte rutene til Storehesten i tidligare tider. Her har ein flott uttsikt vestover.

Vakker kveldsstemning med utsyn vestover mot Hestane før turen nedatt tok til.
Vakker kveldsstemning med utsyn vestover mot Hestane før turen nedatt tok til. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Nydalsstølen, der turen starta.
Nydalsstølen, der turen starta. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.