Onsdagstur med turleiar pluss ei

Turleiar Anders Vie og turdeltakar Gro Hovland. Ut på tur, aldri sur!
Turleiar Anders Vie og turdeltakar Gro Hovland. Ut på tur, aldri sur! Foto: Anders Vie

Turleiar Anders Vie hadde ei enkel oppgåve med å halde styr på turfølgjet på onsdagsturen til Viefjellet 3. juli.

For i det sure julivêret med rundt sju grader, regn og blåst, var det ikkje mange som var freista av tanken på å gå til topps på Viefjellet, 673 moh. Men tur vart det, for Gro Hovland let seg ikkje skremme av vêret. 

Turleiar Anders Vie rapporterer: Lett regn på turen og ein liten skoddedott på toppen. Alle var einige om at det var ein grei tur.