Konsert flytta til sentrum

Slik blir det ikkje i år.
Slik blir det ikkje i år. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.

Dårlege vêrmeldingar gjer at  den tradisjonsrike stølskonserten onsdag på Førdefestivalen blir flytta frå Halbrendsstølen til sentrum.

For mange unge har turen med Barnas Turlag  opp til  Halbrendsstølen vore ei minnerik oppleving. I år skulle dei få høyre og sjå Jens Linell sitt stølstrommeshow.  Trommeshow blir det, men i staden på Festplassen, der det er rigga opp eit stort telt som skal halde trommis og tilhøyrarar tørre.