Den lengste Via Ferrata

Foto: Asle Veien

13 på laget var eit lukketal denne dagen. 

Vi starta frå parkeringsplassen ved Skyliften litt over klokka 10 og like før vi kom av stad kom det ein gjeng på 115 stk framfor oss i løypa :-(. Det betyr kø og venting! Men med godt ver og ein sosial fin gjeng, vart turen likevel ein høgdare. Brua var som vanleg den som vekte flest sommarfuglar i magen til deltakarane, men det gjekk like fint for oss som det har gjort for tusenvis før oss. Også denne gongen samla vi inn litt pengar som vart overrekt til Loen aktiv. Eg synes det er både rett og rimeleg at turlaget bidreg litt til vedlikehald av denne ferrataen når vi kjem heile flokkar. 
Når vi landa trygt etter nedfarten med Skyliften, hadde vi brukt 8 timar på turen!

Skrevet av Asle Veien 30. juni 2019