Onsdagstur med lokalhistorie

Deltakarane på onsdagsturen 26. juni fekk med seg ein god dose med lokalhistorie på turen til Førdsnipa.
Vi startar frå Grovene, på parkering øvst oppe.
Derifrå til Flatestølen, der Bjørn Høyvik møter oss
Høyvik, som har hytte på Flatestølen, tok turfølgjet med til Ytste Legene og viste dei Gjøskorhillaren, Hillaren er ikkje lett å finne. Den vart brukt som løe. Høyet som var slege på slåttekvia i Gjøskora, vart lagra i den tørre og romslege hola og henta ned om vinteren. For å halde snø og væte mest mogeleg ute var det lagt opp steinmurar på begge sider av inngangen. (Kjelde: Stølane i Førde, forfattar Berit Gjerland.)
Då vi var tilbake på Flatestølen lei det på kveld, og alle valde å returnere ti Grovene
Ein fin kjekk tur i godt ver!!!


