IST-hyttene klare for innrykk

Snøen langs Stegsvatnet er ikkje lenger noko hinder.
Snøen langs Stegsvatnet er ikkje lenger noko hinder. Foto: Inge Erikstad.

Sommarvarmen og dugnadsinnsats har gjort sitt til at alle tre hyttene til Indre Sunnfjord Turlag no kan ynskje turgåarar velkomne.

Longevasshytta er no lett tilgjengeleg frå Årdal i Jølster, snøen langs Stegsvatnet er tint vekk. Stegbrua over bekken nett før hytta er litt skada, men det er greit å kome over.

Frå Naustdal er den korte brua ved Nesstølen  vekke, brua over hovudelva er i orden. Her er og litt ujamt med merking innanfor Nesstølen.

Hytta vart rydda og vaska i fjor haust, og det har ikkje vore så stor trafikk sidan. Båt og kano er og tilgjengeleg under hytta og i naustet ved Inste Longevatnet. Hugs å dra båten godt opp på land etter bruk (den skal ikkje ligge i naustet om somaren).

Hugs å ta på redningsvest når du brukar båt og kano.

På hytta er det og eit lite matlager, så ein kan godt klare seg  uten å ta med alt for mykje mat, men det er sjølvsagt ikkje brød der.

Massbu er vår minste hytte. Her er ikkje matlager, men det går fint å lage seg medbrakt mat.

Massbu ligg i kort gåavstand frå bonvegen som går frå Laukeland i Bygstad.

Nipebu er også klar for sesongen etter dugnad 21. - 22. juni. Sjå eigen artikkel https://indresunnfjord.dnt.no/artikler/nyheter/17513-dugnad-pa-nipebu/.

GOD TUR til kortreiste turmål i Sunnfjord!

Longevasshytta klar for deg.
Longevasshytta klar for deg. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.